Næringshagane spelar ei viktig rolle for å få fram nye, framtidsretta verksemder i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Næringshagane har òg ei viktig rolle for etablerte bedrifter fordi dei i mange område verkar som knutepunkt og nettverksbyggjar mot forskings- og andre kompetansemiljø, som elles kan synast langt unna for små distriktsbedrifter.

Dei første næringshagane vart starta opp av SIVA i 1998-99. Etter fleire programperiodar og evalueringar vart ein ny 10-årig programperiode starta opp 1. juli 2011 med 40-45 næringshagar som deltakarar. Auken i løyvinga gjer det mogleg å ta opp i programmet fleire av dei miljøa som var kvalifiserte, men som vart avviste på grunn av tronge rammer i første omgang.

35 millionar til inkubasjon
Regjeringa satsar meir på nyskaping og entreprenørskap. KRD aukar ramma til SIVA sine inkubatorprogram med 5,7 millionar kroner til 35 millionar kroner.
Inkubatorane er ei fødestove for nye bedrifter. Her kan gründerane få hjelp til å utvikle ideen fram til eit ferdig produkt eller teneste. Frå 2002 har SIVA utvikla ulike inkubatorprogram retta inn mot gründerar frå ulike typar miljø. I 2012 vart desse satsingane slått saman til eitt felles program kalla Inkubasjon.

- Me ønskjer å styrkje inkubatorsatsinga fordi evalueringane har synt at kompetent bistand i etableringsprosessen ofte er avgjerande for om etableringane blir vellukka, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Inkubasjon er eit samarbeidsprogram mellom tre departement der også Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er med i finansieringa.

84 millionar til VRI og Forskingsløft i Nord
Regjeringa satsar meir på forsking og innovasjon. KRD aukar ramma til VRI og Forskingsløft i Nord med i alt 10,2 mill. kroner.
Regjeringa legg vekt på å gje næringslivet i distrikta gode potensial for utvikling og auka sysselsetting. Derfor styrkar regjeringa KRD si løyving til VRI med 5,2 mill. kroner til 44,2 mill. kroner, og løyvinga til Forskingsløft i Nord med 5 mill. kroner til 40 mill. kroner.
- VRI og Forskingsløft i nord er viktige verkemiddel for kompetansearbeidsplassar og utvikling av nytt kunnskapsbasert næringsliv mellom anna i Nord-Noreg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

VRI (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) er Forskingsrådet si satsing på regional innovasjon og vert finansiert av fleire departement. VRI skal bidra til å fremje samhandling mellom bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar i regionen. I ramma til VRI inngår frå 2013 departementet si løyving til dei regionale representantane til Forskingsrådet. Forskingsløft i Nord har som mål å styrke og vidareutvikle forskingskompetansen i Nord-Noreg innanfor arktisk teknologi og reiseliv.